Temaet i år er USA under Trump – innanriks og utanriks. Kurset er for lærarar i grunnskule og i vidaregåande skule som underviser i samfunnsfag, historie eller liknande fag, og som er interesserte i utanrikspolitikk og internasjonale spørsmål. Deltakarane treng ikkje ha spesialkunnskap innanfor desse emna. Det er ein føresetnad at deltakarane er aktive på kurset, og at dei deler ny kunnskap med kollegaer i etterkant. Norsk Lektorlag ønskjer òg ein artikkel frå kurset til Lektorbladet.
Det er ikkje kursavgift. Nobelinstituttet dekkjer kostnader til foredraga, kursmateriell og lunsj. Norsk Lektorlag betaler overnatting i Oslo om det trengst, samt reise og diett ut over felleslunsjane. Kurset er ikkje opent for dei som har delteke på lærarkurset i løpet av dei siste fem åra.
Frist for å søkje 12. februar 2018
Interesserte kan sende søknad til Tonje Leborg innan 12. februar. Søknaden må innehalde informasjon om fagleg bakgrunn, og ei kort grunngjeving for kvifor ein ønsker plass på kurset.