(Lektorbladet nr. 2-2019)
Vidaregåande skular i Rogaland testar ut verknadene av å la vere å setje karakter på orden og oppførsel. Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger evaluerte forsøket utan karakterar i orden og åtferd på dei første fire vidaregåande skulane i Rogaland som prøvde ut dette i skuleåret 2016/2017.
Positive ved Strand, negative ved Haugaland
Lærarkollegiet ved Strand vgs hadde den mest positive opplevinga av forsøket, medan fleirtalet av lærarane ved Haugaland vgs var mest negative. Totalt var 45 prosent av lærarane ved dei fire skulane negative til forsøket, 36 prosent var positive.
Når så mange som 72 prosent av lærarane ved Haugaland vgs rapporterte om negative endringar i orden og åtferd hos elevane, er det to årsaker som vert trekte fram i rapporten. På Haugaland vgs hadde karakter i orden og åtferd tidlegare vore viktige for å regulere orden og oppførsel hos elevane. I tillegg peikar forskarane på at lærarane ved Haugaland vgs ikkje hadde opplevd at forsøket var godt førebudd og at dei var involverte i avgjerda om skulen skulle vere med i forsøksordninga. Til samanlikning var det berre elleve prosent av lærarane ved Strand vgs som såg ei negativ utvikling i orden og oppførsel hos elevane sine. Tilsvarande tal for Bergeland vgs og Kopervik vgs var høvesvis 23 og 42 prosent.
Høgare trivsel, meir uro
Elevundersøkinga i perioden viser ein svak tendens til høgare trivsel hos elevane frå 2014 til 2016, men dei fire skulane som var med i forsøket utan karakterar, rapporterte i same perioden ei negativ utvikling i arbeidsroa i klasserommet.
Ny evaluering til hausten
Edvin Bru frå Læringsmiljøsenteret opplyser at det til hausten vil komme ei ny evaluering av forsøket.
– Vi skal i gang med ei ny evaluering som inkluderer alle dei seks skulane som no er med i forsøket: Haugaland, Strand, Bergeland, Kopervik, Godalen og Vardafjell vidaregåande skular. Evalueringa blir noko meir omfattande enn den førre, og vil basere seg på opplysningar frå Elevundersøkelsen og om fråvær over fleire år. Det vil vere spørjeundersøking til lærarane og elevane, og i tillegg blir det gruppeintervju der rektor, éin tillitsvald og éin elevrådsrepresentant representerer skulane. Desse vil danne éi gruppe for skulane i nordfylket og éi gruppe for skulane i sørfylket, fortel Edvin Bru.
– Målsettingen er å ha evalueringen klar tidlig i høst, opplyser han. Håpet er at god deltaking gir eit breitt grunnlag for å evaluere prosjektet.